Gamle bilderBildearkivarbeidet Hallingdal Museum har eit bildearkiv med meir enn 12000 bilde. Dette er eit imponerande tal, men det har vore ein vesentleg mangel knytt til arkivet. Dersom ein skal ha tak i eit spesielt bilde, er det omtrent umogeleg å finne det i dette arkivet. Bilda ligg med spesielle nummer, men det er ingen vidare systematikk lagt inn her slik at det blir berre rein flaks dersom ein finn det bildet ein er ute etter. Slik er det i stor grad ennå, men situasjonen er i ferd med å endre seg mykje. Bakgrunnen for dette er følgjande: I 2005 vart spørsmålet om å få gjort noko med bildearkivet, tatt opp av museets folk. Ein var då innstilt på at dette arkivet skulle bli meir funksjonelt. Det var alt i utgangspunktet klart at dette ville bli både ei langvarig og svært dyr oppgåve, som museet ikkje såg seg i stand til å gjera. Det ville i alt for stor grad leggje band på både folk og økonomi dersom dette skulle bli aktuelt. Museet vende seg då til Nes historielag, og stilte spørsmål om dette kunne vera eit prosjekt for medlemmene i laget. På eit lagsmøte i slutten av 2005 vart det tatt opp som sak, og det vart spørsmål om nokon blant dei frammøtte kunna tenkje seg å vera med på arbeidet. Det melde seg straks fleire interesserte, og ein rekna også med at det var andre òg som ville melde seg på seinare. I og med at det var nokså avgrensa med datamaskiner som kunna brukast, sa det seg sjølv at det også måtte bli avgrensa kor mange som kunna vera med. Dette var sjølvsagt også eit spørsmål om organisering. I januar 2006 held fylkesfotograf Bjørn Johnsen eit lite kurs for dei som ville vera med på arbeidet. Her møtte det 6 medlemmer frå historielaget pluss folk frå museet. Talet på folk som aktivt har vore med i arbeidet har variert ein del. 8 medlemmer har vore med meir og mindre. Av desse har 4 vore temmeleg jamnt med kvar veke i den tida av året då vi har drive på. Sommartida har det vore opphald. Den vanlege organinseringa har vore at eit lag på to skannar inn bilde mens to legg inn tekstar. For det meste har dette naturleg nok vore eit arbeid for pensjonistar, men vi har også hatt nokre eksempel på at folk som er i fullt arbeid, har hatt eit par timar på kveldstid. Trass i at vi er så heldige å ha nokre blant medlemmene våre som vi kan kalle trufaste slitarar i og med at dei stiller opp jamnt og verkeleg sørger for at jobben blir gjort, så er det også eit faktum at vi godt kunna tenkje oss fleire som kunna gjera ein innsats. Om det er avgrensa kor mange som kan drive på samtidig, går det an å organisere jobben slik at det eine laget kan overta når det fyrste har gjort seg ferdige, eller det går an å velje ulike dagar. Dersom vi hadde fått til ei slik ordning, ville resten av arbeidet kunne gjerast på mykje kortare tid. Du som vil kommentere bildet du ser kan sende meldinga til :
|