Temakveld i Nes Historielag med Egil Ole Øen ”Hvalfangerne ved Beringstredet” Egil Ole Øen er frå Svenkerud i Nes. Han er ein av dei leiande kvalekspertane i verda. Sundag den 23.november 2008 hadde han eit lysbildekåseri på museet, Tandbergbygget, og temaet var om arbeidet han har hatt blant kvalfangarar ved Beringstredet. Før 1998 hadde han i fleire år drive med å betre fangstmetodane blant eskimoane i Alaska. Dette arbeidet fekk fangstfolket på den sibirske sida av Beringstredet til å reagere og til å be han om å hjelpe dei òg på liknande vis. Dei primitive fangstmåtane dei brukte, vart sterkt kritisert av miljø- og dyrevernorganisajonar i Vesten, og desse prøvde å få stoppa fangsten ved å kontakte den internasjonale kvalfangstorganisasjonen IWC. Etter at Egil Øen kom i gang med opplæringa, har organisjonane godtatt kvalfangsten også på russisk side av stredet. Arbeidet han hadde på denne sida av Beringstredet vart hovudsaka denne kvelden. Det var tydeleg at den fullsette salen hadde stort utbytte av det interessante Egil hadde å fortelja oss.
|