TILBOD om Dølaminne

 

Hallingdal Historielag har 7 medlemmer. Desse er dei 7 historielaga i dalen. Leiarane i historielaga , eller eit anna styremedlem, utgjer styret i laget. Den einaste aktiviteten laget har hatt, er utgjevinga av årboka DØLAMINNE. Denne utgjevinga blir gjort i samarbeid med Hallingdal Museum som står for den daglege administrasjonen. Redaktørar er Kjell Snerte og Marit Holme Mehlum

Frå å vera ei bok i hefteform på i underkant av 100 sider, har det dei siste åra vorte ei fin bok på rundt 220 sider. Innhaldet har alltid vore lokalhistorisk stoff frå heile Hallingdal. Redaktørane har lagt mykje vekt på å få med mange bilde og teikningar, som har gjort boka meir interessant.

Det kostar mykje pengar å finansiere ei slik bok sjølv om det meste redaksjonelle arbeidet blir gjort som dugnad. Inntektene får vi ved sponsorstønad frå kommunane og det lokale næringslivet, ved sal frå bokhandlane i dalen og sal som historielaga sjølv står for, og ikkje minst gjennom inntektene ved abonnentane. Ved å teikne seg som abonnent får ein visse fordelar. Alle abonnentar i Hallingdal får boka gratis i postkassa si i månaden før jul. Alle utanfor dalen får boka gjennom posten. Vanlegvis kjem Dølaminne ut ca 15. november.

Boka kostar i utsal kr 250, men som abonnent får ein kr 50

i avslag. Prisen blir altså kr 200.

Dette er svært rimeleg for ei så fin bok. Abonnenttalet har variert noko omkring 230. Dette talet burde vera mogleg å få ein god del høgare. Vi meiner at medlemmer i eit historielag, burde vera opplagte lesarar av Dølaminne. I og med dette medlemskapet er det naturleg at ein skulle vera interessert i lokalhistorisk stoff. Likevel har det vore eit faktum at mange historielagsfolk ikkje har vorte abonnentar av årboka for Hallingdal. For å gjera noko med dette vedtok styret i Hallingdal Historielag i 2007 å gjera det ekstra attraktivt å vera medlem i eit historielag og/eller eit museumslag i dalen ved å tilby Dølaminne til abonnentpris, altså til 200 kr. Dei som då vil melde seg som abonnent eller som medlem i eit museumslag, kan ta kontakt gjennom adressa til Hallingdal Museum nedanfor. Dei som vil melde seg som medlem i eit historielag, må kontakte det lokale historielaget. For Nes gjeld då adressa nedanfor.

post@neshistorielag.org. eller

firmapost@hallingdal-folkemuseum.no

Kontonr. til Hallingdal Historielag/Dølaminne er 2351 21 04576