MACLEOD – DUNVEGAN  - DEVEGGE

Devegge er ein gard sentralt i Nes. I  same område ligg gardane Arnegård, Onsgard (Ønsga ), Tolleivsgard (Tøllisga ), Havardsgard ( Havasga ), Olsgard og Grimsgard ( Gremsga ). Det vanlege var altså etter dette å gje namn til garden etter ein hovudperson i samanheng med garden. Kva så med dette merkelege namnet Devegge? Det har i alle høve ingenting med nokon person å gjera. Her kjem ein då naturleg inn på sagnet om skotteparet som kom til Nes frå Hebridane som flyktningar. I samanheng med ei drapshistorie etter ein duell måtte dei rømme for  å unngå å bli offer for hemn. Det unge paret var ikkje kven som helst. Han var ein son av greven av Argyll, mens ho kom frå den mektige MacLeod-klanen med hovudsete på Dunvegan Castle, Isle of Skye.

Kvifor drog dei til Noreg ?
Det var altså snakk om skotsk høgadel. Vi skal ikkje her gjengje heile sagnet, men det kan vera noko interessant å sjå litt på kvifor dei valde å reise til Noreg. Då skal vi sjå på historia i noko vidare samanheng. I vikingetida busette nordmenn seg i Nord-Skottland og på alle øyane omkring Skottland. Dei vart dominerande både på Orknøyane, Hebridane/Sudrøyane og Man. I dag er alle gardsnamn på Orknøyane av norrønt opphav og på Hebridane gjeld dette for ca 50 %. Når det gjeld vårt tema, så reknar klanhøvdingen over MacLeod-klanen i dag slekta si attende til norske vikingekongar. Den fyrste som då vert nemnt og som har gjeve namn til klanen, var ein son av Olav Gudrødson eller Olav Svarte som han var meir kjent som. Han var igjen bror av den siste norskætta kongen av Man, Magnus Gudrødson. Denne sonen heitte Liotr eller Ljot. Dette namnet var heilt vanleg i det norrøne miljøet. Liotr vart født omkring 1200 og døydde ca 1280. På keltarane sitt språk, gælisk, vart Liotr/Ljot til Leod.  Kong Magnus styrte på denne tida òg delar av Hebridane og Liotr arva øya Skye der han begynte bygginga av Dunvegan Castle. Dei eldste murane på dagens slott går sannsynlegvis attende til Liotr. Han hadde to søner, Torgils og Tormod. På norrønt mål ville ein då kalla dei Torgils og Tormod Liotrson /Ljotson. På gælisk heiter -son, mac og dette set ein framomstelt i høve til farsnamnet. Sønene vart då dei fyrste som bar etternamnet MacLeod då gælisk vart det dominerande språket. Heilt opp til i dag er det i bruk namn i MacLeod klanen som syner klart kvar desse namna har røtene sine: Torquil /Torgils, Magnus, Tormod, Harald, Olaus/Olav. Med dette prøver vi å underbyggja tilknytinga til Noreg og norrøn kultur. Det høyrer sjølvsagt òg med her at Hebridane/Sudrøyane høyrde til Noregsveldet fram til 1266. Det var då kanskje faktisk naturleg at det flyktande paret reiste til det landet som forfedrane deira eingong kom frå.

Kvifor Nes?
Kvifor dei så valde å slå seg ned i Nes, må bli berre spekulasjonar, men dersom ein var ute etter å gjera det vanskeleg for eventuelle forfølgjarar, kunna ein nok ikkje ha valt seg ein betre gøymestad. Bygdene her i det indre Austland må ha vore bortimot isolerte frå omverda på 1400-talet då dette skal ha gått føre seg. Ein kan òg leggja til at på 1400- og 1500-talet gjekk det ein jamn straum av innvandrarar til Noreg frå Skottland og øyene omkring. Denne innvandringa gjekk hovudsakleg til Stavanger- og Bergensområda. Det finst dokumentert døme på at andre skotske adelege flykta til Noreg i 1560-åra. Absalon Pederssøn Beyer skriv t.d. i dagboka si frå september 1567 om ein skotsk greve som hadde kome på kant med skotske styresmakter og som då fyrst rømde til Noreg, seinare til Danmark. Deveggefolket var ikkje noko særtilfelle når det var snakk om å reise frå Skottland til Noreg.

Namnet Devegge
Så noko meir om namnet Devegge. Når ein meiner at det verkeleg er noko i sagnet, er namnet ein viktig faktor. Rett nok er ikkje namnet eineståande for Nes. Devegge forekjem andre stader i landet utan at ein kan visa til nokon sikker tyding. I Nes har ein sagnet om skottane, grev Clemet og (Camp)Bella/ Belju /Mary MacLeod  som  skal ha sett namnet på heimstaden hennar på garden. Dette  lyder i alle høve ikkje usannsynleg. Ein kan òg nemna at den skotske uttalen av Dunvegan er så å seia lik den vi bruker om Devegge med unnatak av  -n , som har falle bort med tida. Fyrste gongen ein støyter på gardsnamnet er i samanheng med gjengjerdskattelistene i 1528. Då blir namnet skrivi Diguegge. Ein teori er at gardsnamnet frå 1528 tyder på at garden har heitt Digrveggir oppkalla etter den staselege stugu på garden. Det er noko merkeleg at denne storgarden berre skulle ha namn etter stugu på garden sjølv om ho var aldri så fin, medan gardane omkring følgde den tidlegare nemnde namnetradisjonen (Tolleivsgard, Havardsgard, Grimsgard --). At namn vart endra er ei kjend sak. Dei som førte pennen var  sannsynlegvis utlendingar og då helst danske. Mange namn vart radbrekt til det ukjennelege. Når ein meiner at Deveggenamnet har samanheng med Dunvegan, så kjem det ikkje minst av skrivemåten fleire gonger seinare på 1500-talet. I 1577 vart namnet skrivi Dønn Egge, i 1578 Deuegge, i 1579 Dønne Egge, i 1589 Dønnegge og i 1593 Dunegge. Når namnet blir så likt det skotske namnet, er det vanskeleg å tru at dette berre er eit samantreff.

Kart frå 1500-talet trykt i Amsterdam
Den 11. juli i 2000 kom det eit interessant innlegg om Deveggesagnet i Hallingdølen. Journalist Arne Ole Lindahl  intervjua Johan Fredrik Teissner-Schultz som hadde funne eit kart frå 1500 talet over delar av Sør-Noreg. Hallingdal er med der, og Nes blir nemnt som Ness Edollen. Kartet er trykt i Amsterdam og nemningar på kartet er prega av dansk. Dansk var igjen ofte prega av tysk. Edel tyder adel på tysk, så her kan det faktisk stå skrivi Nes Adelslen. Dette kan tyde at det var adelsfolk i Nes. Då er Deveggefolket dei ein fyrst og fremst tenkjer på og som Teissner-Schultz òg meiner det må dreia seg om. Det må ha vore nærast sensasjonelt at skotske adelsfolk kom til fattige Hallingdal. Det er i alle høve så godt som sikkert at det ikkje kan ha med norsk adel å gjera. Etter at pestbølgjene på 1300- og 1400-talet hadde hausta frå seg, reknar ein med at det var att berre ca 200 adelsfamiliar i landet mot ca 600 før 1349. (Dei fleste av desse 200 adelsfamiliane var heller ikkje rein norsk adel.) Av heile folketalet i landet, som ein omkring 1500 reknar til ca 180000 – 200000, utgjorde adelen berre ca 0,5 %.  Før 1349 reknar ein med at folketalet kan ha vore mellom 450000 og 500000 og adelen utgjorde då ca 0,7%.  Desse tala syner kor eksklusiv adelen var som samfunnsgruppe. Når det kom skotske høgadelege til ei norsk bygd, vart nok dette lagt merke til langt utanfor dalen. At ein kartskrivar, som hadde høyrt at det skulle vera adelsfolk i Nes, men som elles hadde mangelfulle informasjonar om lokale tilhøve, nærast automatisk kopla adel saman med lensstyring, var ikkje så rart. Dette var eit adelsprivilegium. Her kan vi ha årsaka til at Nes har vorte kalla adelslen på Amsterdamkartet. Eigentleg er nemninga adelslen ei form for ”smør på flesk” i og med at eit len skulle vera styrt av adelege. Det er i alle høve klart at Nes aldri har vore noko eige len. Det næraste vi kjem til nemninga len i våre område er at Hallingdal skal ha vore del av eit underlen til Akershus hovudlen. I denne samanhengen kan vi legge til at lensherrane delegerte makt til fogdar som igjen delegerte vidare til lokale bondelensmenn. Desse siste var då dei som ein kan seia sto for den daglege styringa i bygdene.

Når kom dei til Nes ?
Det er svært usikkert når skottane kom til Nes. Både 1400 og 1500 talet har vore nemnt. Etter tradisjonen er midten av 1400-talet det ein har halda seg til. Det er fleire som har meint dette. I 1967 var høvdingen for MacLeodklanen då, Dame Flora MacLeod, på besøk i Nesbyen. I den samanhengen kom det ein omfemnande artikkel i Aftenposten skriven av Rolf Scheen. Han skreiv mellom anna : ”Nå står det tilbake å bestemme: Når kom grev Clemet og hans hustru Bella til Norge? Dette spørsmålet er tilsynelatende blitt løst på en ganske merkelig måte. En enslig dame av ætten, fru Hilda Severinsen, henvendte seg i sin tid til meg med den opplysning at man i hennes slekt hadde en tradisjon  at grev Clemet hadde deltatt i hyldningen av kong Karl i Oslo. Nå  er jo saken den, at Norge før unionen med Sverige (1814)bare en eneste gang hadde hatt en konge ved navn Karl, nemlig Karl Knutson Bonde, fra 1449 til 1450. Det stemmer forbløffende med den skotske opplysningen om at den unge Argyll hadde sin duell omkring år 1430. Innvandringsåret må altså settes til omkring 1440.” (Som ei saksopplysing til dette kan ein berre legge til at Karl Knutson Bonde vart hylla i Hamar og i Trondheim. Ikkje i Oslo).                            

Deveggehornet
Fogden Wiel reiste i 1743 omkring i fogderiet sitt og skreiv ein rapport etter denne reisa. Han var innom Devegge og i omtala si om garden skriv Wiel òg om Deveggehornet som var på garden då han var der. Dette drikkehornet skal skottane ha hatt med seg då dei kom til Nes. Hornet ”har fulgt Huset Mand fra Mand” som Wiel skriv. På 1800-talet vart det gjeven til Folkemuseet på Bygdøy der det enno er. Norske museumsfolk meiner at hornet er frå 1600-talet. Grunnlaget for denne slutninga er ornamenteringa på toppen av hornet, som dei altså meiner er frå det 1700-hundreåret. Knut Holtermann har røtene sine til Rødningen som er nabogarden til Devegge Søre eller Hagale som garden heiter i dag. Av di han er spesielt interessert i dette temaet skreiv han i år til National Museum of Scotland og sende med eit bilde av hornet. Han spurde kva skotske museumsfolk meiner om dateringa. Svaret han fekk var at dei trur hornet kan vera frå skotsk mellomalder (før 1500), men at ornamenteringa er yngre. Holtermann har sidan igjen teke kontakt med Folkemuseet, og kontaktane der har lova å kople inn fagmiljøet ved universitetet for om mogleg å få datert hornet ved hjelp av moderne metodar.

Mykje ledig jord etter svartedauden
Skeptikarar til historia om skottane som etablerte seg i Nes, har m.a. spurt om korleis det var mogleg for desse innflyttarane å kunna skaffa seg ein etter måten så stor gard. For det fyrste reiste dei ifølge sagnet ikkje tomhendt frå Skottland. Dei reiste som storfolk med heile husstanden sin. Dei hadde nok midlar til å kjøpa seg jord. Kåre Olav Solhjell har i boka Øydegard og Rudning kunna visa korleis det sto til i Hallingdalsbygdene etter Svartedauden. Pesten som fòr over mestedelen av landet frå 1349 til 1350 og som seinare hadde fleire mindre utbrot, fekk katastrofale følgjer i Nes. Solhjell viser at så seint som i 1528 var det i Nes berre 12 gardar som då var såpass i drift at dei betalte skatt. T.d. var heile Rukkedalen øyde og sørover var det drift berre på Børtnes, Sevre og Berg. Dersom skottane kom omkring 1450, må ein gå ut frå at det var mykje ledig jord og at prisen på jorda var låg. For velståande innvandrarar skulle tilhøva då liggja vel tilrette .

Berre ei god historie?
Deveggesagnet blir av nokon betrakta berre som ei god historie. Til nå har ingen kunna slå i bordet med handfaste bevis for at sagnet stemmer, men det er ikkje til å koma forbi at ein del faktorar tyder på at det grunnleggjande i historia er rett. Det er t.d. ikkje ei historie skapt i nyare tid der sensasjonshungeren styrer bodskapen. Då den tidlegare nemnde Wiel i 1743 var i Nes, gjorde han m.a. greie for Deveggesagnet, som då hadde vore på folkemunne i bygda i nokre hundre år. Han beskreiv òg  Deveggestugu som skulle ha vorte bygd opp av dei fyrste på garden. Eg siterer: ”Strax ved Næs Kirke ligger Gaarden Devægge, hvor findes en Huusbygning af stor Ælde som giver os en Idee om, baade hvor svært Tømmer der i de tider fantes, og den gamle Magnificence. Huset i sin Højde bestaaer ikkun af 6 Stokke, hvoraf dog al den løse Ved,  paa Norsk kaldet Gjeten, er afhuggen. Døren er saa høj, at en maadelig Karl kan gaae derigjennem uden at bukke seg, og er dog ikkun udhuggen i tvende Stokke. Tømmeret er i Laftene listhøvlet, og det som er det mærkværdigste, at istedenfor den her i Norge brugelige Mose er lagt meget fiint blaat Klæde, som af meg selv er seet, immellem hver Stok. Dørstolperne ere udskaarne i et Løvværk; og er Huset paa de tvende sider omgivet med Svale, med udskaarne Pillarer imellem.” Interessant er det når fogden seier at stugu var eit svært gammalt hus i 1743 og at han sjølv såg at det låg blått tøy mellom stokkane. Dette er altså ikkje berre sagn. Det er eit faktum. Når ein legg slik vekt på denne opplysninga, er det fordi dette er eit bevis på at det må ha vore heilt spesiell velstand med i spelet då Deveggestugu vart reist. Rikdom er ikkje det ein fyrst og fremst tenkjer på i samanheng med Hallingdal. Dette er til overmål frå ei tid som for landet under eitt blir karakterisert som den mørkaste tid i vårt folks historie. Dei indre dalstrøka på Austlandet var blant dei områda i landet som vart hardast ramma av nedgangstidene. Då er det rimeleg at ein må stille seg undrande til slik ein demonstrasjon av velstand og at eit naturleg spørsmål blir: kvar kom denne ”magnificence” frå, for å bruke Wiels ord om rikdom og stordom.

Konklusjon
Det er truleg at Deveggestugu var om lag 400 år då ho vart riven i 1844. Det er vanskeleg å tenkja seg at bygdafolket i si tid skulle ha  dikta opp ei historie der ein referer til ein liten og for omverda heilt ukjend stad ute på Hebridane for å forklara gardsnamnet som ingen elles kjende opphavet til. Det er òg fleire andre indikasjonar som gjer grunndraga i historia sannsynleg.  ”Amsterdamkartet” er t.d. absolutt med blant desse.  Men sjølvsagt må ein berre vera med på at mykje av historia omkring skotteparet er, og sannsynlegvis blir verande, sagn. Då er det ikkje så merkeleg at det blir fleire teoriar omkring temaet. Kanskje er det ikkje så lite viktig for ein sjølv at ein høyrer til dei truande.

Kjelder til artikkelen:
 
Jon Leirfall: Vest i havet. Vesterhavsøyene gjennom tusenårs norsk historie.
Absalon Pederssøn Beyer: Frå dagboksnotatar
Ole Ulrik Schack: Devegge, ei slekt frå Nes i Hallingdal
Kåre Olav Solhjell: Øydegard og Rudning
Aschehoug forlag: Norges Historie (band 4)
Andreas Holmsen: Norges Historie
Knut Holtermann: Om Deveggehornet
Fogden Wiel: Reisebeskrivelse fra 1743
Internett: MacLeod-klanen si heimeside