Neshistoria
Skriven av Einar O. Hanserud
Bygdehistoria som skisse frå dei eldste tider til reformasjonen.
I 1994 kom det ut ei bok frå Busk-Mål AS som heiter Far etter folk i Hallingdal med undertittel På leiting etter den eldste historia. I innleiinga står det følgjande: ”Lite og inkje finst av skrivne kjelder frå mellomalderen i Hallingdal, berre nokre få skinnbrev frå 1300-talet. Og riksdokument frå denne tida har lite å fortelja om dalen jamført med Valdres og Gudbrandsdalen, som hadde hovudferdsla frå Vika til Bjørgvin og Nidaros. Såleis har Hallingdal mange spørsmål og få svar når det gjeld tida før 1500. Men om det er smått med skrivne kjelder, er likevel ikkje dalens eldste historie på berr bakke. Kjeldestoff finst både på bakken og under torva. Kjelder som må leitast fram og tolkast.”
Resultata av Hallingdalsprosjektet
Boka summerer opp resultata av arkeologiske og botaniske undersøkingar som vart gjort i tida 1986 – 1989 og arbeidet vart kalla Hallingdalsprosjektet. Dette omfatta heile Hallingdal, men vi skal her naturleg nok avgrense oss til Nes når det gjeld dette prosjektet.
Når dei fyrste vart fastbuande i Nes veit vi lite om. Før resultata av Hallingdalsprosjektet kom, visste vi så godt som ingenting. Nokre spreidde funn har rett nok vist at det har vore folk her i steinalderen, men om dette har vore fastbuande, kan vi berre ha teoriar om. Då dei vitskapelege resultata kom etter pollenundersøkingar som var tatt frå botnen av Raggetjern på austsida av Hallingdalselva, viste desse at det har vore folk i desse områda 2000 år før vår tidsrekning. Dette var basert på trekolfunn. Frå ca 1100 f.Kr. fann dei indikasjonar på at det hadde vore beitedyr i området. Då skulle dette tyde på fast buseting. Noko anna som kan stø opp under denne teorien, er funn av ein steinalderbuplass på garden Kvarteig like sør for Raggetjern. Men vi forstår at dette må bli teori. Noko meir sikkert vart det då analysene viste at prøva inneheld pollenkorn av bygg, men dette vart datert til å vera frå omkring år 0. Frå då fann ein at det har vore dyrka korn heile tida framover. Dette viser at det i alle høve har vore drive jordbruk i over 2000 år her i bygda, og då er det vel òg truleg at den eldste gardsdrifta kan gå attende til omkring denne tida.
Litt om tydinga av enkelte gardsnamn i ”Gamle Nes”
I mange andre område i landet kan ein lesa ein del ut av gardsnamna når det gjeld å tidfeste dei eldste gardane. Dette er så godt som heilt fråverande i Nes. Dette gjeld i høve til den eldste tida. Her kan det vera eit unnatak for garden Nes som etter det korte naturnamnet kan tyde på at vi har med ein svært gammal gard å gjera. Teorien går ut på at denne ”urgarden” i seinare tid har vorte delt opp att i fleire gardar på Nes-flata.
Når ein har prøvd å finne ut kva som var hovudbølet for Nes-garden, har det vore teoriar både om prestegarden, Onsgård og Tollefsgard. Kva som måtte vera det rette her, er vel ikkje så viktig å veta. Alle som har hatt interesse av å gjera undersøkingar om det, har i alle høve kome fram til at garden må ha vore i dette området. Alle gardane vi her snakkar om, har eit mannsnamn i første leddet med –gard i andre leddet. Dette gjeld Arnegård, Onsgard, Tollefsgard, Havardsgard, Olsgård og Grimsgard. I tillegg kjem garden med det merkelege namnet Devegge, som vi skal kommentere meir seinare. Mannsnamnet i første leddet treng ikkje vera namnet på den som først fekk garden eller begynte gardsdrifta her. Det kan like godt ha vore ein annan som på ein eller annan måte har markert seg i samanheng med garden. Dersom ein skal lesa noko ut av oldfunn som er gjort, bør ein kunne stoppe litt ved den nåverande Arnegård. Her har det vorte gjort funn frå romersk jernalder, dvs ca 200- 300 e.Kr, frå folkevandringstid, dvs ca 500 e.Kr.og frå vikingetid, dvs 800 – 1000 e.Kr. I tillegg finst det ein gravhaug i overkant av garden. Dette viser at det må ha vore folk på staden opp gjennom tida kanskje heilt frå ca Kristi fødsel. Dersom det då var ein gard her, var namnet neppe Arnegård.
Onsgard kan koma av Odin. Kanskje heng dette saman med at guden Odin kan ha vore den sentrale guddomen her i bygda. Då er det heller ikkje utruleg at hovet kan ha stått like i nærleiken. Då Kvite Krist tok over for dei gamle gudane, vart kyrkja truleg reist omtrent der hovet hadde stått. Dette var vanleg over alt elles. Det var òg vanleg at hovet rett og slett vart gjort om til kristent gudshus, og at kultstaden vart den same som før, men med eit anna innhald. Vi gjer merksam på at den gamle kyrkjegarden låg like sør for Onsgard. Det nye menighetshuset vart bygd på denne staden i 1926.
Garnås og kong Hadding
Alle gardane vi har nemnt til nå var på Nes-flata. Gamal buseting veit vi det har vore i andre område av Nes òg. T.d. gjeld dette i ytre Nes der Sevre, Børtnes og Berg i alle høve er mellomaldergardar. Garnås har òg si spesielle historie, og då skal vi nemne sagnet om kong Hadding. Dette skal ha vore kongen over heile Hallingdal på slutten av 800-talet då Harald Hårfagre gjorde seg til eineherskar over landet. I tilknyting til dette sagnet høyrer det òg med at det skal ha stått eit kapell på Garnås. På garden til Svein Garnås er det ein åker som frå gamalt heiter ”Krøssåkeren” = Korsåkeren. Her skal det eingong ha vorte funne ein stor kross. Dette krossfunnet nemner fogden Wiel i ein rapport etter ei reise i fogderiet sitt i 1743. Alt den gongen heitte åkeren ”Kaarsbø-Ageren” slik Wiel skreiv namnet. At det er svært gamal buseting på Garnås, vitnar òg mange rydningsrøyser og åkerreiner om. I tillegg finst det òg røyser der, som ein meiner kan vera gravrøyser. Hausten 2008 vart det gjort arkeologiske undersøkingar av grunnen på Garnås. Ein fekk markert mange rydingsrøyser og åkerreiner, og også gjort ein del slaggfunn. Etter å ha venta i spenning på resultata av desse arbeida, har vi nå i slutten av 2009 fått høyre at C-14 målingane har vist at det var gardsdrift på Garnås i alle høve frå 700-talet e.Kr. Slagget stammar frå jernvinne frå 900-talet. Målingane strekker seg i tid fram til 1200-talet.
I samanheng med Haddingsagnet skal vi òg nemne at dalen i tidlegare tider heitte Haddingjadalr. Dette namnet på dalen var vanleg til utpå 1400-talet. Då begynte Hallingdal-forma å innarbeide seg. Sagnet om kongen som skal ha residert frå Garnås, og som ga namnet til dalen, vart årsak til at Nes kommune søkte om å få bruke dei gamle heraldiske fargene raudt og gull då kommunevåpenet skulle komponerast. Slik vart det òg. Kong Hadding har altså fått eit slag monument over seg gjennom dei kongelege fargene i kommunevåpenet.
Kva fortel utgravinga på den gamle kyrkjegarden ?
Kyrkjebygget har alltid hatt ein sentral plassering i bygd og by over heile landet. Slik også i Nes. Den gamle kyrkjegarden låg midt i den delen av Nesbyen som vi i dag med rette kallar Gamle Nes. Den gamle stavkyrkja vart riven i 1864 etter at nyekyrkja vart teken i bruk to år før. Etter initiativ av Nes kommune vart det i 1965 sett i gang arkeologiske utgravingar av dei gamle stavkyrkjetuftene. Håkon Christie frå riksantikvaren sto for arbeida. I tillegg til å avdekke dei tydelege spora etter stavkyrkja, fann han òg reistene etter ei eldre kyrkje som hadde vorte offer for ein brann. Forskarane meiner at den yngste kyrkja vart bygd ca 1250, mens den brente kyrkja kan ha vorte reist ca 100 år før. Ved utgravingane fann ein også indikasjonar på at det kan ha vore eit endå eldre bygg på same plassen, altså eit tredje hus der kyrkjene hadde stått. Det vart teken C 14 prøver av eit kolstykke frå den brente kyrkja for å få noko meir informasjon om alderen. Ein fann då at stokken som denne kolbiten stamma frå, vart felt ein gong på 800-talet. Når stokken frå den brente kyrkja var så gamal, er det fristande å leike med tanken om eit hus som òg kan ha vore eit gudshus, men frå førkristen tid. At ein brukte opp att byggematerialer, var vanleg praksis.
Administrasjon
Når det gjeld verdsleg og kyrkjeleg administrasjon, er det svært lite vi veit. Utover landet var det vanleg at bygdafolket møttest på bygdatinget og avgjorde lokale tvistesaker der. Det er ingen grunn til å tru at det var annleis i Nes. Hallingdal høyrde til Gulatingslagen. Dette var lagtinget /landsdelstinget med sentrum i Gulen i ytre Sogn. Frå førkristen tid høyrde heile Vestlandet frå og med Sogn og Fjordane til og med Rogaland under denne tinglagen. I kristen tid kom Hallingdal med. Dette var eit representasjonsting. Saker som ikkje vart løyst på bygdatinget, kunna ankast til Gulatinget. Dette vart sett ein gong i året og datoen var då 16. juni. På 1300-talet vart lagtinget flytt til Bergen. Hallingdal høyrde til Gulatingslagen til fyrst på 1400-talet. Då vart dalen lagt under Oslo lagdømme.
I kyrkjelege samanhengar er det mykje som tyder på at Torpo hadde hovudkyrkja i Hallingdal, og at presten der må ha vore for prost å rekne. Kyrkjesokna i dalen høyrde til Selja bispedømme til ca 1220. Då vart dei lagt under Stavanger bispedømme.
Følgene av svartedauden i Hallingdal
Kåre Olav Solhjell er historikar frå Gol. Han har skrive ei bok som han har kalla Øydegard og Rudning. Temaet i boka har mykje med Svartedauden i Hallingdal å gjera. Det gjeld både for tida før pesta (1349) og følgjene i lang tid etter. Han har i denne samanhengen gjort ein del berekningar av folketalet i dalen både frå tida før 1349 og frå tida etterpå då det vart fleire mindre pestutslag. Solhjell meiner at det i heile Hallingdal budde ca 4350 personar i tida før 1349. For Nes reknar han med at det då budde i underkant av 600 menneskje her. Sjølv om året 1349 – 1350 var det store katastrofeåret, var ikkje elendigheita på langt nær over med dette. Med nokså jamne mellomrom dukka pesta opp att, men då i mindre målestokk. I landssamanheng reknar ein med at det i tida mellom 1349 og 1654 var 26 pestutbrot, men ikkje alle desse var landsomfattande. Solhjell reknar med at nedgangen i folketalet i Hallingdal hadde nådd botnen ca 1500 eller til og med litt etter. Då kan det ha vore ca 80 % færre innbyggjarar i høve til tida før 1349. For heile Hallingdal skulle det då tyde på at det budde ca 870 personar i dalen. For Nes skulle dette bli ca 120 personar ! Ein kan vidare beskrive katastrofetilstandane ved å sjå på kor mange gardar som var i drift på det verste. Etter dei kjeldene som Solhjell har brukt, tyder dette at det litt etter 1500 var berre 12 gardar i drift i heile Nes. Dette var følgjande gardar: Berg, Børtnes, Sevre, Nes prestegard, Arnegård, Devegge, Tollefsgard, Havarsgard, Grimsgård, Onsgård, Olsgard og Garnås. Ein må kunne rekne med at det kan ha vore nokre bruk under enkelte av desse hovudgardane. Til denne dystre historia høyrer det òg at heile Rukkedalen låg øyde. Namnet Børtnesøydegardane, som svært klart fortel om kva som hende, må ein rekne med oppsto i samanheng med denne krisetida. Det ser ut til at folketalet i Hallingdal ikkje kom opp på nivået frå før Svartedauden før ca 1700.
I samanheng med øydelegginga av bygder over mykje av landet, skal vi legge til at ein del av gardane som vart lagt øyde, alt var fråflytta før pesttida sette inn. Tida mellom ca 1300 og ca 1800 kallar vi ”den vesle istida”. Klimaforskarane har for lenge sidan vore merksame på at desse ca 500 åra var ei temmeleg kald periode. Det at verlaget vart kaldare omkring 1300, førde til at det vart vanskelegare å drive gardsdrift i høgtliggjande område. Folk måtte difor flytte bort for å overleva. Dette kan godt ha hendt i Nes òg, men elles er vi rimeleg sikre på at det meste av øydelegginga av gardar i Nes skuldast avfolkinga grunna pest.
Vi skal her ta med litt om tala som ein vanlegvis opererer med for heile landet. Ein reknar med at det var mellom 450000 og 500000 menneskje i landet i 1349. Ved berekningar har forskarane funne at det kan ha vore berre mellom 180000 og 200000 personar att i fastlandsnorge då tilstandane var på det verste. Dette tyder då på eit folketap på minst 60 %. Dette er ein gjennomsnittsprosent. Det er eit faktum at pesta råka dei indre austlandsdalane verst. Når ein reknar med ein tapsprosent på ca 80 for Hallingdal, går dette godt saman med opplysningane vi har for heile landet.
Det at Norge vart så hardt ramma over så lang tid samanlikna med nabolanda, har ein m.a. sett i samanheng med følgjene av den vesle istida. Når store delar av folket levde det vi vel kan kalle marginalt alt før 1300, ville ei klimaforverring slå ekstra hardt for slik busetnad. Om det vart kaldare i både Danmark og Sverige i same tida, ville ikkje dette få dei same langvarige verknadene som her i landet. I begge desse nabolanda hadde dei då òg kome over folketapet etter eit par generasjonar.
Over alt i landet ramma pesta svært hardt blant prestane. Prestemangelen førde til at ein måtte slå saman fleire kyrkjesokn. Slik vart det i Hallingdal òg. Nes kyrkje vart då gjort til hovudkyrkje for anneksa Gol, Hemsedal og Flå. Denne ordninga varde til 1836 då Gol og Hemsedal vart skild ut som eige prestegjeld mens Nes og Flå fortsette som før.
Deveggesagnet
Blant dei gardane vi nemnde ovanfor som var i drift omkring 1500, var Devegge. Dette er den staden der Øye er i dag. Namnet er spesielt i høve til alle dei andre gardane i området. Utanfor vestkysten av Skottland ligg Hebridane. Fram til 1266 høyrde desse øyane til Noregsveldet, og då vart dei kalla Suderøyane/Sørøyane (Orknøyane var i denne samanhengen rekna som nordøyane). Mange nordmenn slo seg ned her i løpet av vikingetida. I dag reknar ein med at over halvdelen av stadnamna på øyane har norsk opphav. Dunvegan er ein stad på øya Skye. Eit sagn fortel at eit skottepar flykta herifrå og reiste til Norge eingong på 1400-talet. Dei kom til Nes og skal ha etablert seg på ein gard som dei kalla opp att etter den staden dei kom frå. Dette er med få ord noko om garden Devegge. Historia om skottane som slo seg ned i Nes, har vi lagt inn på heimesida vår, og her kan du lesa meir utførleg om kva som kan ha hendt. Vi må sjølvsagt ikkje tapa av syne at vi her har med eit sagn å gjera. Artikkelen om MacLeod-klanen og Dunvegan – Devegge har vi teke frå årboka Dølaminne 2002.
Kjelder:
Far etter folk i Hallingdal
Øydegard og Rudning : Kåre Olav Solhjell
Nes-boka 1
Aschehougs Norges historie
Norges historie fram til 1660 : Andreas Holmsen
Dølaminne 2002
|