Årsmelding 2006

Styret i Nes Historielag har i 2006 bestått av følgjande :

Leiar Einar O. Hanserud
Nestleiar           Leif Olav Klype
Skrivar Hilde Solheim
Kasserar   Sigmund Øen
Styremedl Eirik Thorberg
Vararepresentant Olav Sveinsson
Vararepresentant Vigdis Bakkerud

Det har vore 7 styremøte og 5 lagsmøte i 2006, årsmøtet medrekna. Ved årsskiftet kunna vi slå fast at 2006 vart eit nytt rekordår når det gjeld medlemstal i laget. Vi var då 173 medlemmer. Vi satsar friskt på at desse årlege rekordane skal fortseta å bli slått i åra som kjem.

I tidlegare årsmeldingar har vi sagt at den største aktiviteten har vore i sommarhalvåret. Då har ein sjølvsagt ryddearbeida og arbeida med t.d. Høvahuset i tankane. Men aktivitet er ein god del meir, og når det i ein definisjon av aktivitet blir teken med møteaktivitet, temadagar/-kveldar, skrivearbeid av ymse slag, bilderegistrering o.m. er det ikkje tvil om at vinterhalvåret faktisk er den mest aktive delen av året.

Vi skal nemne følgjande aktivitetar gjennom året som gikk :

Temadagar prøvde vi med alt i 1997, men først frå 2002 vart det fast med 2 slike kveldar i året. Slik vart det i 2006 òg. Den første hadde vi 23. april, og den kalla vi ”Spørretime” i og med at dei tidlegare toppolitikarane Reidun Brusletten og Olaf Øen var hovudpersonane denne kvelden. Med sine erfaringar frå regjering og Storting hadde dei mykje interessant å fortelja dei 40 frammøtte.

Den andre temakvelden var den 20. nov., og dette var eit arrangement saman med Nes Spel-og Dansarlag. Temaet denne kvelden var Ludvig Mathias Lindeman i Hallingdal. Gunnlaug Lien Myhr kåserte og ga oss døme på Lindeman-musikk med spel og song. Dei 50 frammøtte fekk valuta for inngangspengane. Vi hadde for lang tid sidan gjort medlemmene våre merksame på at det ville bli ein temakveld til den 17. nov. Då om nasjonalromantikken i målarkunsten med lokal vinkling. Grunna langvarig sjukdom måtte denne kvelden avlysast.

- Årets ”bli-kjent-i- Nes” tur gikk den 3.sept til Liagardane og vidare innover i fjellet til Kråkehaugen. Det var 35 med på denne turen og fleire var det ikkje plass til i dei to minste bussane til Kjell og Bjørg Gullingsrud. Striregnet den første delen av dagen gjorde at vi måtte halde oss i bussen så godt som heile tida inn til Kråkehaugen. Det var faktisk ikkje noko negativt ved dette i og med at vi fekk glimrande informasjon langs ruta vår av Kjell Gullingsrud og Ola Liodden. Etter eit triveleg og ikkje minst interessant opphald på Kråkehaugen med m.a. god småmat, som Bjørg Gullingsrud diska opp med, gjorde vi ein stopp på heimvegen ved den staden der Johan Sagadalen vart drepen av ein bjørn for 100 år sidan i år.

- Laget har også i år vore med på å arrangere Garnåsdagar. Medarrangør var i år som i fjor museet og leiinga i Gardnos Meteorittkrater. Erfaringane med desse turane kan tyde på at det neste år blir berre to turar. I år var det 52 med på dei to første mens den siste held på å bli avlyst då ingen turgåarar hadde møtt fram. Regnværet må nok ta ein del av skulda her. Denne dagen hadde det møtt fram eit filmteam som då vart avgjerande for at turen  vart arrangert likevel. Garnåsområdet er verkeleg i ferd med å bli oppdaga også av fagfolk. I vår var det to besøk av arkeologar der. Det siste var del av eit seminar, og 44 arkeologistudentar var med. Det er mykje som nå tyder på at grundigare undersøkingar står for  døra alt til sommaren. Historielaget var med som guidar ved begge desse besøka.

- Etter tips av folk frå ytre Nes har eit par karar frå historielaget vore ein tur oppe på Lauvviknatten i Ytre Nes der det er tydelege spor etter murar som har vorte lagt opp for hand. Dette kan vera reister etter ein bygdeborg. Vi skal følgje opp dette og få med fagfolk opp dit for å få fleire eksakte data.

Laget har framleis nytta opptaksutstyret til fleire opptak i året som ligg bak oss. Vi skal her berre nemne eit initiativ og opplegg frå museet om opptak med Arne Mathismoen i den gamle skulestugu frå Lie som står på museet. Historielaget vart her med og delte utgiftene med ein halvdel. Torstein Hanserud sto for opptaka, og elevane var henta inn frå Nes Barneskole. Her vart ein skuletime etter gamalt mønster festa til digital videotape.

Arbeidet med å registrere bilde frå museets arkiv over på data, har vore i gang mykje av året. Fylkesfotograf, Bjørn Jonsen, hadde i januar eit lite kurs for dei som hadde sagt seg villige til å vera med på jobben. Eit slik minikurs vart òg halden i føstninga av desember. Det har vorte lagt inn over 1000 bilde så langt. Når ein veit at det ligg mellom 12000 og 15000 bilde i arkivet, skjønar ein at dette er eit arbeid som kjem til å gå over nokre år. Vi reknar med å kunne intensivere arbeidet med registreringa i 2007. Dette er avhengig av at fleire stiller opp enn dei som har vore med til nå.

Ein kan vel seie at arbeidet med Sundsdalfilmane ligg noko i same gata som bilderegistreringa. Oppgava var å få overført 16 mm filmane som Torvald Sundsdal  tok opp i 1940,-50 og -60 åra til digitaltape. Dette vart gjort i forståing med Ivar og Terje Sundsdal. Vi kontakta Norsk Smalfilm som sto for arbeidet. Sundsdals filmar viser heilt unike opptak frå Nes i desse tiåra, og må sjåast på som svært viktige for lokalhistoria vår. Overføringa til digitalt medium er gjort, men arbeidet med filmane er ikkje ferdig med det. T.d. skal det gjerast ein del teksting. Laget sette ned ei nemnd til å ta seg av denne jobben. Medlemmene her vart Kai Solheim, Torstein Hanserud, Ivar og Terje Sundsdal. Dei er alt i gang med jobben som står att.

Det har ikkje vorte rydda nye vegar i 2006. Det viktigaste arbeidet i slike samanhengar er vedlikehaldet av dei vegane som er rydda frå før. Tidleg på året sette vi opp smågrupper som vart ansvarlege for at ryddearbeida vart gjort. Ein må nok kunne seia at dette har fungert berre delvis. Til vedlikehaldsarbeidet høyrer det òg med at vi fekk beisa benkane i Drifteslepa og på Garnåsvegen. Nokre av desse benkane er alt tydeleg merka av å stå ute i all slags vær.

I vårløysinga vart kloppa over Driftevassbekken teken av flaumvatnet. Leif Olav Klype sørga for å få dei kløyvde stokkane på plass att.

I samanheng med dei gamle vegane skal vi nemne at vi fekk sett opp tre bokkasser i midten av juni. Det var ved Kvilingsfuro i Drifteslepa, ved Kitilstugo på Garnåsvegen og ved Toresletta på gamlevegen i Børtnesøydegardane. I kassene la vi ei bok som turgåarane skulle skrive namnet sitt i. Vi fekk dermed ein god indikasjon på bruken av vegane. Då vi tok ned bøkene i september, var det gode tal for Drifteslepa og Postvegen. Noko dårlegare ved Toresletta. Nemnast skal det òg at vi sette opp tre nye infotavler mot slutten av sommaren. Den største kom opp ved Leirbrøtbekken på gamle Rukkedalsvegen, mens dei to andre  vart sett opp ved husmannsplassane Engelland og Fjakleland i Høvabakkane.

Vi har fått laga nokre skilt til markering av vegar og ein danseplass. Desse skilta vart så seint ferdige i haust at vi måtte utseta oppsetinga av dei til sommaren att.

Når det gjeld ryddearbeid, gjorde lagsmedlemmer saman med folk frå Nes Senterparti ein god ryddejobb på museumsområdet den 8. juni. Denne jobben vart gjort etter initiativ frå Senterpartiet.

I § 4c i vedtektene våre står det at laget skal vera eit støttelag til Hallingdal Museum. Gjennom åra har historielaget gjort mykje arbeid til beste for denne institusjonen, som er så viktig for Hallingdal generelt, og Nes spesielt. Eitt av dei verkeleg store arbeida i så måte har vore arbeidet med Høvahuset. I 2006 utførte ein arbeidsgjeng

frå laget ein målarjobb over to dagar med vindaugo innvendig og utvendig. Den største jobben har nok likevel Knut Brøto stått for då han mura opp dei to pipene opp til taket og laga ferdig brannmurane. I tillegg pussa han ferdig murane utvendig. I samanheng med restaureringa av mølla, mura han opp korntørka. Arbeida hans med

Høvahuset og mølla vart tilsaman ca 60 timar. Alt var dugnadsarbeid. 

Samarbeidet med museet førte til at vi i sommar gikk saman om å kjøpe inn ein dataprosjektor. Dette vart ei investering på vel 10000 kr på kvar. Prosjektoren har alt vore mykje brukt. For eiga rekning kjøpte laget inn ein ekstra høgtalar for å gjera lydanlegget vårt endå betre.

I omtalen av historielagets kontakt med museet, høyrer det òg med at laget har gratis møtelokale på museet. Dette gjeld både lagsmøte og ein del styremøte. Det seier seg sjølv at dette sparer laget for ein god del utgifter, og er elles praktisk og nyttig for laget på fleire måtar.

Dølaminne er ei årbok for Hallingdal. Bokprosjektet er eit samarbeid mellom historielaga i dalen og Hallingdal Museum. I 2006-utgåva av boka var 5 medlemmer frå Nes Historielag med blant dei som sørga

for stoff til boka, og gjorde dermed sitt til at det vart mykje interessant lesing i årets bok for nesningar. Medlemmer frå laget har òg sørga for å distribuere boka til alle abonnentane i Nes, og har òg sørga for å få sendt boka til alle adressene utanfor dalen. I tillegg har folk frå laget stått på stands og seld boka i dagane før jul.

I årsmeldinga for 2005 skreiv vi at vi rekna med å avslutte arbeidet med boka om Gamle Vegar i Nes i løpet av 2006. Olav Sveinsson har i stor utstrekning vore aleine om dette arbeidet. Det har vist seg å bli mykje meir omfattande  arbeid enn nokon hadde tenkt seg, så det vart heilt umogeleg å avslutte arbeidet dette året. Nå er det oppnemnt

ein komite som skal avlaste Olav ein del med det vidare arbeidet. Erfaringane så langt har vist oss at vi nå berre må bruke den tida som trengst utan at vi set nokon tidsfrist for fullføring av boka.

I boksamanheng skal vi ta med at laget i sommar fekk ei bokgave av Kirsten og Lars A. Egeberg frå Knapstad. Dei er begge medlemmer i laget. Dei ga laget fem bind skriven av Karl Holter. Han har henta

handlingane for ein stor del frå Nes /Rukkedalen. Bøkene har vi lagt i lagets arkiv på museet, og kan lånast av lagsmedlemmer der.

Nes Historielag vart stifta 9. oktober 1996. Då er det lett å rekne seg fram til at vi vart 10 år i 2006. Markeringa gjorde vi med eit arrangement laurdag den 7. okt. på Næringstunet. Ein underhaldningsdel hadde vi i den gamle gymsalen, mens middagen var i hovudbygningen. Det vart 102 påmelde til underhaldningsdelen og 96 av desse vart med til middag. Dette var tal som langt overgikk det vi hadde forestilt oss. Vi skal ikkje her liste opp alt som gikk føre seg, men det bør nemnast at Magne Akervold leia det heile med vanleg sikker hand. Vi hadde fått Arne Mathismoen til å skrive ein prolog noko han gjorde, ifølge Magne : ”som var ein skald verdig”. Det viste seg at det vart spesielt populært at vi viste nokre klipp frå filmane til Torvald Sundsdal. Torstein Hanserud hadde lagt ca 30 min av desse inn på ei CD-plate og viste dei på lerretet. Middagen besto av rommegraut og spekemat. Under middagen fekk laget gave frå Nes Prestegjelds Sparebank på 5000 kr og kr 1000 frå Randi og Alf Leines.

Vi var som sagt svært nøgde med frammøtet, men det var likevel skuffande at Nes Kommune ikkje fann å kunne stille opp med nokon representant verken frå den politiske delen eller frå administrasjonen.

- Som alle tidlegare år har vi også i år hatt eit kulturelt innslag som program etter møtet og kaffipausa. Pausa i seg sjølv reknar vi som ein viktig del av samankomsten. Mykje triveleg og inspirerande samtale har gått føre seg i desse 20-25 minutta av kvelden. I 2006 hadde vi følgjande program :                           

5. feb.      : Olav Oppsato fortalde om ein bygdeoriginal frå Ål. (årsmøtet for 2005)

19. mars   : Engebret Stuveseth fortalde om Johan Georg Ræder.

16. juni     : Knut Bremer prata interessant om opplevingar frå barndoms- og ungdomstid.

28. august : Elisabet Sveingar Amundsen og Nils Stavenes gjorde greie for arbeidet med årboka Dølaminne.              3. des.       : Ola Hanserud fortalde om studieturen sin iNord-Pakistan på seinsommaren og hausten.