Fra v.: Sokneprest Fagermoen, journalist Lindahl fra Hallingdølen, styreformann i Nes Historielag Sigmund Øen og tidligere styreleder i NHL Einar Hanserud som har vært prosjektansvarlig.

Fra v.: Journalist Lindahl, styreleder Sigmund Øen, sokneprest E. Fagermoen og Alexander Ytteborg, Hallingdal Museum.

Eit klenodium

Artikkel fra Hallingdølen

Altertavla i Nes kirke måla ein gong på 16-1700-talet er i forfall. No stiller bygda opp for å skaffe midlane som trengst til å få sett ho

i stand.

I bygdene våre her i Hallingdal er kyrkja som bygning og institusjon del av ein felles kulturarv og står sterkt i breie lag av folket. Dette kom til uttrykk gjennom høyringa om ny kyrkjeordning som nyleg er gjennomført. Sjølv om kyrkjene Hallingdal prosti ikkje kan skryte av det heilt store frammøtet ein vanleg sundag føremiddag, har ho likevel ein sterk posisjon i folket. Mest synleg er dette ved milepælar i livet og markeringar som dei fleste framleis ynskjer ei kyrkjeleg ramme rundt.

Difor er kyrkja som bygning og kyrkjerommet viktig for mange. Det me no ser i Nes, er eit uttrykk for nettopp dette. Det er tre-fire år sidan at sokneprest Eivind Fagermoen oppdaga skaden på altertavla som var under utvikling. På eit møte i Nes historielag kort tid etter kom han til å fortelja om dette, og medlemmene reagerte spontant og positivt. Heller ikkje kyrkja i Nes rår over særlege midlar utover det strengt nødvendige. Her måtte gode krefter elles trø til.

Historielaget har i mellomtida skaffa 47.000 kr til eit altertavlefond, Rotary-klubben i Nes har bidrege med 25.000, og kyrkja sjølv blar opp 10.000. Pristilbodet på reparasjonsarbeidet lyder på 150.000, og det skal gjerast i vår.

Historielaget stiller seg no i spissen for ein innsamlingsaksjon blant bygdefolket for å skaffe det som manglar. Samstundes startar ei kronerulling i menighetsbladet.

I Hallingdal lever dei fleste i oversiktlege bygdesamfunn, der folk kjenner kvarandre og der viljen til å ta felles ansvar enno lever. I Nes handlar det nett no om ein kulturskatt. Altertavla er med og knyter fortida til notida, og me skal heller ikkje sjå bort frå at biletet rører ved djupe kjensler. Skapt av ein ukjend kunstnar for nokre hundreår sidan blir dette eit klenodium for bygda.

Difor trur me at innsamlingskomiteen får mange med seg når dei siste kronene skal skaffast for å få reparert altertavla i Nes kirke.