Soknepres Eivind Fagermoen

Foto: Hallingdølen

Alterbilete i oppløysing

Arne O. Lindahl - aol@hallingdolen.no

Den gamle altertavla i Nes kirke er i ferd med å gå i oppløysing. No har historielaget sett i gang ein redningsaksjon.

Det er sokneprest Eivind Fagermoen glad for. - Alterbiletet er ein skatt. Det er ei oppgåve for heile bygda å ta vare på det, seier han.

Korsfestinga

Gjennom generasjonar har folk festa augo på det store måleriet i koret i den store og prektige Nes kirke. Motivet er korsfestinga av Jesus. Eit klassisk motiv. Fagermoen trur dette var altertavla i stavkyrkja som vart rive i 1864. Altertavla vart flytta over i den noverande kyrkja som vart bygd eit par år før. I 1889 fekk Nes kirke ny altertavle, då vart den gamle flytta nokre meter og sidan den gongen pryda veggen på høgre side i koret.

- Eg veit ikkje kven som har måla altertavla, men det er heilt sikkert ein ikkje ubetydeleg målar, seier Fagermoen.

- Kor gammalt er det?

- Eg trur det er frå 1700-talet. Den minner meg om altertavler eg har sett frå denne tida.

Målinga flassar

No tek alderen til å setje sitt tydeleg preg på biletet. Målingflassar av, og det er også ein rift i det. Biletet treng ei skikkeleg restaurering for at det ikkje skal bli heilt øydelagt. No skal Fagermoen kontakte ein konservator for å få ein vurdering av tilstanden til biletet og kva det vil koste å restaurere det.

- Me kan ikkje la det forfalle. Men det vil nok koste betydeleg å få restaurert det, seier Fagermoen.