LAGSHISTORIA  VED  50  ÅRSFEIRINGA  I år 2000

Hallingdøler blir av andre ofte assosiert med folkemusikk og bygdadans. At dette kanskje ikkje er heilt fortent dersom ein ser på talet av utøvarar er nok sannsynleg,  men ikkje sjeldan figurerer hallingar øvst på premielistene i kappleiksamanhengar. Dette gjer nok sitt til å stø oppunder dalen sitt ry som staden der folkemusikk og bygdadans er ein sjølvskriven del av miljøet. I Nes kan vi nok ikkje skryte av stor breidde i desse samanhengar, men dei få vi har er av ypparste merke og kvalitet. Med omsyn til tradisjonar er Nes faktisk ei av bygdene i dalen som verkeleg kan visa til ein rotfesta tradisjon når det gjeld hardingfelespel. I mange heimar i Nes finst det ei hardingfele frå den tida då felemusikken var den dominerande festmusikken. Frå denne tida kan bygda vår visa til namn som Gudbrand Skjellerud, Knut Thoen og Tor Grimsgard. Desse namna ruvar òg i nasjonal samanheng. Oppover i vårt hundreår dabba rekrutteringa av på ein dramatisk måte. Det var ikkje rart at enkelte ivrige og entusiastiske tilhengarar av folkemusikk vart verkeleg urolege for framtida. Ein av desse var Tor Myre. Han hadde ei tid gått med ideen om eit folkemusikklag, ei organisering av dei interesserte som kunna bli ei motvekt mot alt det nye som braut innover landegrensene og truga med å ta kvelartak på vår eigen kulturarv. Han Tor vart initiativtakar til stiftingsmøtet for Nes Spelemannslag. Det fann stad på ungdomshuset Sollys den 6. juni 1950. Det var nok ikkje direkte oppmuntrande at det møtte berre 6 mann på dette møtet. Hovudsaka på møtet måtte sjølvsagt bli å vedta lovene for laget. I § 3 heiter det: "Laget vil arbeida for å halde oppe og fremja den nasjonale folkemusikken, serleg det tradisjonelle hallingspelet og då framfor alt dei gamle nesningsslåttane." Vidare heiter det i § 4 : "Å hjelpa og stytta ungdomar som har givnad i denne leid til opplæring og vidare utdanning."  Desse to paragrafane kan ein godt kalla formålsparagrafane. Den neste hovudsaka på møtet vart å velja styre. Fomann vart Knut Kleven, kasserar vart Ole Mathismoen og sekretær Jørgen J. Jorde.

I endå ein paragraf heiter det at laget skal vera med å arrangera kappleikar. Oppgåvene lot ikkje venta på seg. Alt den 23. juli var det møte mellom styret for Nes Spelemannslag og Nes Ungdomslag. Her var det berre ei sak, men ho var til gjengjeld stor. Dei to laga tok på seg å arrangera landsstemna for spelemenn som skulle gå føre seg 1.til 3. september same år. På dette møtet vart eit framlegg til program behandla og vedteken og elles vart oppgåver fordelte. Sett med augo til dagens arrangørar av liknande kappleikar var dette ein heilt umogeleg kort tidsfrist, men det seier seg vel òg sjølv at tidene har endra seg noko i løpet av dei 50 åra som har gått. Arrangementet den gongen var omfattande nok og kravde topp innsats av dei som var med, men det er òg like sjølvsagt at landskappleikane av i dag har utvikla seg til mammutarrangement i samanlikning. Sekretæren i laget, Jørgen Jorde, har på ein noko skøyeraktig måte skildra kor hardt det var for arrangørane  og korleis det var på Nesbyen desse tre dagane. Han skriv :"Vår ellers vitale formann var etter disse dagene en tid slagen av taushet, og bar tretthetens stempel på sin panne. Det hadde han grunn til. Det møtte folk fra øst og vest og den som gikk gjennom Nes disse dagene måtte uvilkårlig tenke på Halvdan Egedius` bilde i Snorres kongesagaer fra før slaget på Stiklestad :På hver en sti drev det folk."  På kappleiken var det 43 deltakarar. Gjermund Haugen vart beste spelemann, men yngste klasse vart vunnen av ein uvanleg gåverik ungdom ved namn Odd Bakkerud. I ettertid veit vi at dette namnet i fleire år skulle bli dominerande i kappleiksamanheng på ein måte som ingen den gongen kunna drøyma om. Av andre lokale prestasjonar bør ein vel òg nemna at han Tor Myre som konferansier fekk svært god omtale for sin måte å leia på. Vi som fekk oppleva han Tor i slike samanhengar veit at her var han ein meister. I dei følgjande åra fram til 1955 har ikkje møteverksemda vore stor. Likevel var laget i gang og deltok ved ulike arrangement. Medlemsvervinga ser ut til å ha vore svært dårleg. I 1951 hadde laget 15 medlemmer og i dei neste åra er det dei same personane som går att. Sjølv om det ser ut til å vera Tordenskjolds soldatar vi har med å gjera, tok dei i 1955 igjen på seg oppgåva med å arrangera landskappleiken. Ungdomslaget vart òg med på tilstellinga. Styret besto då av Knut A. Kleven, Tor Myre, Ole Mathismoen og Ole Hanserud. Frå ungdomslaget var Gudbrand Persmoen , Engebret Stuveset og Kolbjørn Høva sentrale. Kappleiken vart arrangera over tre dagar, frå 17. til og med 19. juni og vart eit svært fint arrangement.

På årsmøtet i 1956 vart styret mest heilt nytt og Odd Bakkerud tok over som formann. Styret fekk m.a. til behandling eit framlegg frå Olav Vestenfor, Ål, om å oppretta Hallingdal Spelemannslag. Spørsmålet vart teken opp fleire gonger seinare og kvar gong fann ein at tida ikkje var mogen for ei slik samanslåing av laga i dalen.

Det er tydeleg at laget i slutten av 50åra prøver å markera seg i bygda. Laget sto som arrangør av den eine festen etter den andre, det vart halden kurs i felespel og springar og det vart arrangera kappleikar. 1957 var eit særs aktivt år. Laget tildelte Truls Ørpen Grimsgardmedalja den sommaren. Som ein pr-framstøyt og ein måte å betra økonomien på, sette laget i 1958 igang ei utlodding av ei Steinkjødndalenfele. Loddbøker vart spreide over mykje av Austlandet og ein av selgjarane som gjorde ein ekstra god jobb var Kristiane Lund frå Telemark . Ho vart rekna for ein av dei beste felespelarane i landet. Overskottet vart kr.882,50 noko ein var svært godt nøgd med. Samarbeidet med Nes Ungdomslag var i desse åra avgjerande for at laget kunna ta på seg så mange og krevjande oppgåver. Alt i 1961  sto laget igjen for arrangementet av landskappleiken i samarbeid med ungdomslaget. Same sommaren vart det òg arrangera ein kappleik på fylkesplan. Det var i pinsa og denne kappleiken var nå så godt som å rekna for årviss. Medlemstalet i laget var nå komen opp i 23. Ikkje noko imponerande tal, og likevel var dette det meste ein til då hadde hatt. Det er klart at det framleis fall mykje arbeid på nokre få med så stor aktivitet i laget. Ved sida av dei to kappleikane  hadde ein i 1961 òg to kurs i felespel der Nils Gjeldokk og Knut Myrann var lærarar.

Utover i 1960 åra var det vanleg god aktivitet i laget utan dei heilt store overskriftene. Dvs. med unnatak av 1967. Den våren arrangera laget igjen kurs i felespel med Sigbjørn Bernhoft Osa som leiar. Her var det 13 påmelde og av dei var det 8 nybegynnarar. Noko liknande har det nok ikkje vore verken før eller seinare her i bygda. I denne tida var det òg faste øvingskveldar kvar fredag med Martin Opheim og Knut Myrann som leiarar. Nokon namneliste over medlemmene i laget fanst ikkje , men tala over medlemmer er svært beskjedne. Dette tyder på at dei fleste som var med var spelemenn og svært spelinteresserte. Det er eit faktum at det var mange fleire som var habile springardansarar i bygda som òg burde ha vore med på listene, noko dei mest ivrige utøvarane òg var. Når det galdt danseopplæringa, så hadde dette gjennom tidene ordna seg av seg sjølv i og med at springar var ein vanleg dans ved festlege samankomstar der fela var det naturlege instrumentet. Då trekkspelet fortrengde fela som danseinstrument, vart det òg sjeldnare med springarspeling og nyare dansemusikk gjorde sitt til at dei nye dansane vart dominerande på dansegolva i dalen. I 1940 og 1950 åra måtte det kurs til for å halde springartradisjonen ved like og her òg var Tor Myre ei drivande kraft i Nes. Ein hugsar med glede springarkursa hans Tor på  Sollys der salen faktisk til tider var nærast full av ungdom som ville læra bygdadansen. Nå var det nok ikkje berre nesningar som møtte opp her. Mange av dei tilreisande elevane ved realskulen budde på hybel i Nesbyen og fleire av dei var òg deltakarar. Kursa hans Tor var ei viktig årsak til at springaren fekk ein slags renessanse i bygda. Det gjorde seg t.d. utslag ved at fleire nesningspar var med ved landskappleikar og andre kappleikar i -50 og -60 åra med mange gode resultat. T.d. hadde Aud Myre Livgård og Tora Høva topplasseringar i hallingspringar kl A fleire gonger i landskappleikar og andre store kappleikar. Då Tor Myre tok oppatt tremannsdansen, eller springar med to følgjer, var desse to jentene med han som følgjer og vann ved landskappleiken både i 1956 og 1965 .
                                        
Det er naturleg å nemne Odd Bakkerud i samanheng med 1960 åra. Han var då busett i Oslo og ikkje med i Nes Spelemannslag, men ein betre ambassadør for dei gamle nesningsslåttane kunna ein nok ikkje hatt. 1960 åra var glanstida hans som spelemann. Då vann han landskappleiken kl A 5 gonger. I tillegg hadde han vunne yngste klasse i 1955. Paul Breiehagen skriv i boka si  «Det tilla og det læt» at Bakkerud var «den største spelemannen Hallingdal har fostra gjennom tidene». I tillegg til alle kappleikpremiane fekk han i 1979 kulturprisen i Hallingdal.

Ved den første Hallingmarken, eller Nesningsmarken/(Nesdagane) som ein kalla det i 1968, deltok spelemannslaget sjølvsagt. Denne marknaden valde hardingfela som symbol. Frå 1970 valde ein å leggja den årlege pinsekappleiken til sundagen under Hallingmarken og slik vart det til byrjinga av 1980 åra. Spelemennene i laget gjorde det svært bra omkring på kappleikar i 1970 åra. Knut Myrann vann t.d.landskappleiken i  1973 og 1976 ved sida av triumfar i fleire andre store konkurransespelingar. Like gledeleg var det nok at i desse åra segla unggutane Frank Martinsen Syversrud og Øyvind Brabandt opp som storspelemenn og vann fleire 1.premiar rundt om i landet. Desse tre karane var òg med og spela i utlandet.

I 1975 og 1976 låg laget så godt som heilt nede. I mai 1977 vart det kalla saman til eit møte der ein skulle prøve og kome igang att. Her vart ein samd om at ein skulle endre namnet til Nes Spel-og Dansarlag. Dette gjorde ein for å gjera laget attraktivt både for dei som interesserte seg for spel og for dans. Ein bestemte òg at det skulle setjast igang kurs både i spel og dans og då både i springar og gammaldans. Knut Myrann og Torstein Hanserud sto for desse kursa. I 1978 arrangera laget ein stor kulturkveld med fest der fleire kjende størrelsar innan folkemusikk var innbedne. Eit høgdepunkt denne kvelden var at ein utnemnde fleire av veteranane i laget til æresmedlemmer. Desse var Ole T. Bråten, Arne Holm, Andres Høva, Knut A. Kleven, Martin Oppheim og Jørgen Husemoen. Jørgen fekk seinare òg Hallingdalsmedaljen i gull. Same året sette laget i gang ei vervekampanje. Dette resulterte i at medlemstalet vart 98.  Dette er det meste laget nokongong har hatt.

I 1979 vart eit samarbeid med leikarringen oppretta om dansekveldar på tirsdagane. Dette var utvilsomt eit godt tilbod til folk flest, men trass i at det vart spelt og dansa både gammaldans og bygdadans, var oppslutninga så dårleg at ein ga opp etter 4-5 kveldar. Det er elles tydeleg av referata frå møta omkring 1980 at det ikkje skorta på viljen til å driva laget. Det faktisk boblar over av gode idear. Ein av desse ideane  var å kalla inn til medlemskveldar med litt underhaldning , kaffi og dans. Her såg det ut til at ein endeleg hadde skote blink. Frå nå og nokre år framover fekk medlemmene òg eit medlemsbrev saman med innkalling til neste medlemskveld. Her vart det m.a. fortald ein del om det styret arbeidde med. Medlemsmøta vart haldne ein gong i månaden. Oppslutninga varierte noko, men nokså lenge låg det på mellom 30 og 50 og dette var ein svært godt nøgd med. Styra som leia laget i fyrste delen av -80 åra var spesielt aktive. Dei la seg i selen og verkeleg sto på for å gje medlemmane attraktive tilbod. Ei tid var responsen òg god, men etterkvart vart det færre som møtte opp sjølv om programma var gode. Det begynte òg å leita på med omsyn til å halda oppe tradisjonen med ein kappleik på våren eller sommaren. Underskotta vart plagsomme og dessutan hadde konkurransen om kappleikane vorte mykje hardare. Den siste av  "det gamle slaget" vart arrangera i 1986.

Alt i 1985 sende laget eit brev til kulturstyret i Nes med oppmoding om å få laga ein kopi av ei av statuane i Nordmansdalen i Danmark. Vi veit at dette brevet ikkje vart den avgjerande grunnen til at dette prosjektet i 1990 gikk i orden, men det var kanskje medverkande årsak.

Nemnast må det òg at styret fekk kontakt med folkedansforskaren Egil Bakka i 1987 for å få gått gjennom den gamle måten å danse springar på i Nes. Bakka kom hit og viste filmar og prata om temaet.

I 1985 vart Hallingspretten Folkedanslag stifta. Det var eit samarbeid mellom Nes Ungdomslag, Bromma Ungdomslag og Nes Spel-og Dansarlag og skulle vera eit danselag der ein dansa tradisjonell gammaldans, songleikar, turdansar, springar, pols og swing. Meininga med dette laget var gjennom varierte danseformer å stimulera interessa for våre eigne tradisjonar når det gjeld folkedans og bygdadans. Tilslutninga til laget varierte mykje. På det meste var det ca 40 med på dansekveldane, men dette talet gikk  dramatisk nedover. Ein meinte her å ha eit tilbod til dei fleste som var glade i å danse, men etterkvart måtte ein berre innsjå at ein hadde tapt og måtte slutte med dansekveldane. Det var sant å seia ikkje så rart at dei som var drivkreftene i slike arrangement hadde vanskeleg for å forstå kva ein skulle tilby nesningane for at det skulle bli attraktivt.

I 1990 var laget 40 år. I den samanhengen sto laget då som arrangør av den fyrste Buskerudkappleiken. Eit høgdepunkt under arrangementet var ein minnekonsert etter  Odd Bakkerud som døydde i 1989 berre 58 år gammal. Minnekvelden vart leia av Magne Myhren og dei beste spelemennene i landet var med. For mange var det ei sterk og kjenslefylt oppleving då Odd sjølv i opptak spelte Rotneimsknut samstundes som lyset vart retta mot portrettet av meisterspelemannen.

I fyrste halvdelen av 1990 åra var det god aktivitet i laget. Medlemstalet låg på ca 50 noko ein berre var så passe nøgd med. Aktivitetane var det berre styret som sto for. Ein har alltid vore oppteken av å få ungdom interessert i det laget står for. Det såkalla skuleprosjektet vart i 1992 og 1993 det ein verkeleg satsa på i så måte. Sigrun Bæra Svenkerud var ei drivande kraft i gjennomføringa av prosjektet. Dette gjekk ut på at Spel- og Dansarlaget brukte sine eigne folk, Sigrun Bæra Svenkerud og Torstein Hanserud, pluss Martin Myhr til å undervisa 5. og 6. klassingane ved Nes Barneskole og ved Rukkedalen Skole i laus, springar og noko gammaldans. Dette var tydeleg populært blant ungane. Ein prøvde å følgja opp skuleprosjektet med kurs både i laus og springar for ungdom og vaksne. I laus møtte det opp 13 deltakarar og i springar 19. Dette var ein svært godt nøgd med og hadde gode grunnar til å sjå lyst på framtida. Endå ein gong må vi i ettertid berre konstatera at vi har gått på ein nedtur. I tida fram til nå har vi ikkje merka noko til at den positive tendensen i midten av -90 talet har hatt nokon varig effekt. Vi må desverre innsjå at dei som nå dansar springar i Nes, kan reknast med eitsifra tal. Om ein altså nå ikkje ser ut til å ha grunn til optimisme med omsyn til bygdedansutøvarar i bygda, så kan vi likevel glede oss over at Geir Helge Espeseth gjennom mange år ved landskappleikane og andre kappleikar har markert seg i toppskiktet. I 1997 gikk han likesågodt heilt til topps ved landskappleiken  saman med Gunlaug Lien Myhr frå Gol Spelemannslag. Så å seia i skrivande stund kjem det melding om at dette danseparet har vunne landskappleiken på Voss i år òg. Dette tyder at dei i løpet av dei 4 siste åra har teke 2 andreplassar og 2 fyrsteplassar ved landskappleiken. Når ein nesning går bort og vinn den største folkedanstevlinga i landet akkurat det året laget feirar 50 årsjubileum, er det freistande å sjå noko symbolsk i dette. Det verkar inspirerande på heile laget når slikt hender. Vi satsar på at ringverknadene skal bli merkbare.

Det mest oppsiktvekkande i folkemusikksamanheng i -90 åra var elles at Øyvind Brabandt vann landskappleiken i hardingfele kl A i 1993. Same året fekk han Nes Kommune sin kulturpris. Det bør leggjast til at Øyvind Brabandt og Knut Myrann i mange år har markert seg  blant dei beste spelemennene i landet. Dette har ikkje minst kome til uttrykk ved at dei begge har gjeve ut kvar sin glimrande CD. Her kjem det klart til uttrykk at ein har med meisterutøvarar å gjera. Knut har elles gjennom mange år drive med spelopplæring i Nes noko han prisverdig endå er oppteken med. Han er den som til nå har vore leiar for laget i flest år. Fyrste gongen han vart valt til leiar av laget var alt i 1964.

Som tidlegare nemnt vart den fyrste Buskerudkappleiken arrangert i 1990. Denne kappleiken skulle då gå på omgang til dei ymse medlemskommunane i Buskerud. I 1998 sto Nes for tur att. Denne gongen vart hovudarrangementet halden laurdag 5. sept. i det nye kulturhuset, Banken. I tillegg var det ein konsert kvelden før på Hall. Folkemuseum der lagets eigne spelemenn Knut Myrann, Frank Syversrud og Øyvind Brabandt skapte ei spesiell stemning då dei med tydeleg inspirasjon  spela  slåttar etter dei gamle nesningsspelemennene Knut Christensen Thon, Gudbrand Skjellerud og Tor Grimsgård. Laget kom svært bra frå heile kappleikarrangementet sjølv om ein godt kunna tenkt seg fleire enn dei ca 60 deltakarane. Ein ekstra gevinst var det at Øyvind Brabandt vann kl A i spel.

50 år har gått sidan Tor Myre fekk igang Nes Spelemannslag. Sjølv om ein må stadfeste hjartesukket tidlegare i dette innlegget om manglande interesse frå bygdafolket, så er det òg klart at Nes Spelemannslag /Nes Spel- og Dansarlag har gjort seg bemerka i bygda på ein måte som laget kan vera stolt av. Det er inga overdriving å seia at kulturlivet hadde vore fattigare i bygda utan arbeidet som dette laget har lagt ned gjennom fem tiår. Når ein ser framover er det med ei viss uro for dei verdiane laget står for. Dersom ein skulde ønskja seg noko for framtida, måtte det vel vera at fleire ungdomar fekk augene opp for den rikdomen vi faktisk har i Nes både når det gjeld folkemusikk og bygdadans. Vi har ikkje råd til å sleppe desse verdiane frå oss.  

Styret i Nes Spel- og Dansarlag i jubileumsåret er :

                            Leiar           : Torstein Hanserud

                            Nestleiar      : Einar O. Hanserud

                   Kasserar      : Alf  Østvold

                   Skrivar        : Rolf Nybakk

                     Styremedlem: Gro Skulason